
Så kom sola tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......
Aktuelt
6. klasse ved Stårheim skule lagar til bibliotekkafé no på torsdag 16. februar. Kaféen er open kl. 12.00-13.30
Kom innom!
Stårheim Sokneråd innbyr til flott julekonsert i Stårheim kyrkje søndag 11. desember kl 18.00. Desse medvirkar:
Stårheim Skulekorps, Inge Ytrehus, Stårheim Barnekor, Oddhild Louise Nyberg, Agnes Pavelich,
Paul Pavelich, Svanhild Høynes, Elena Starheim, Stårheim Songlag
Akk: Olga Pavlova og Asbjørn Eikenes
Mange gode grunar til å finne vegen til kyrkja denne førjulskvelden!
Bilete: Oddhild Nyberg, 2010
Elevane i 6. klasse inviterer til julefafé torsdag 1. desember kl. 12.00-13.00.
Her finn du oversikt over kva dei har å selje.
Ta turen til Fram denne torsdagen - kanskje vil du låne med deg ei god bok eller to? Velkomne!
Sist helg var mange av dei som var konfirmert for 50-51 år og 60-61 år sidan samla til jubileum i Stårheim kyrkje og i Samlingsheimen. Her ser du bilete av den eldste gjengen korfirmantar og ved å trykke på overskrifta får du sjå bilete av 50-års konfirmantane.
Fleire bilete her....
Nedlasting av bilete i stort format:
50 år, inne 50 år ute
60 år inne 60 år ute
Det er meldt bra ver dei komande dagane så vi nyttar finevêret til å samlast på Heida laurdag 16. juli. frå klokka 20.00 og utover kvelden.
Det blir sal av grillmat, brus og kaffi med noko attåt. Ta med campingstol og godt humør
I tilfelle regn blir arrangementet avlyst.
Måndags ettermiddag var komitéane i full sving med å gjere klart for morgondagen. Her er programmet for 17. mai-feiringa på Stårheim:
08.00: Flaggheising
10.00: Stårheim skulekorps startar frå Stårheim barnehage
11.00: Familiegudsteneste i Stårheim kyrkje. Stårheim skulekorps deltek.
12.00: Oppstilling av toget frå kyrkja. Rekkjefølgje: Flaggborg - Stårheim skulekorps - Stårheim skule - Stårheim barnehage - Freidig 4H - Stårheim IL og andre som ynskjer å vere med.
12.30: Orheimshaugen. Tale for dagen v/Janne Grete Endal Anderson. Korpset spelar. Utdeling av statuettar/medaljar.
13.30: Toget går tilbake til skulen.
14.00: Aktivitetar ved skulen. Stårheim skulekorps og Stårheim songlag. Leikar for store og små. Matservering og kiosk.
20.00: Festsamvere i Kjølsdalen bedehus for Stårheim og Kjølsdalen sokn.
I tilfelle dårleg ver går toget over Kleivane til Orheimsvika og tilbake til skulen. Aktivitetane vert då i tilfelle i gymnastikksalen.
Det har vore stor byggjeaktivitet i Torvika denne våren. Småkraft AS er i gang med utbygging av eit kraftverk på vegne av dei to grunneigarane i området, Frøydis Torvik Wichne og Svein Rune Hafsås. Inntaksdammen skal vere rett på oversida av brua i Skinlovegen og sjølve kraftverket skal byggjast på flata rett aust for Stårheim Stadion. Torvikelva kraftverk vil ha ein effekt på ca. 1,3 MW og vil kunne produsere ca. 3,33 GWh i et gjennomsnittsår. Rørgata frå inntaksdammen til kraftstasjonen vil ha ei lengd på 1070 meter. Planen er kraftverket skal levere straum på nettet frå februar 2012. Les meir ved å klikke på overskrifta....
Anne Grethe Starheim
tok sølvplass i NM-makeup i helga.
Stårheimsbygda gratulerer deg og ønskjer deg lykke til vidare i faget.


