Arrangement
- Tittel:
- Miljøplankurs
- Kor tid:
- 09.02.2012 20.00 h
- Kvar:
- Kommunestyresalen - Nordfjordeid
- Kategori:
- Møter
Skildring
Miljøplankurs i kommunestyresalen, Nordfjordeid 09.02.2012, kl. 20.00
Ordninga med Miljøplan blei innført tidleg på 2000-talet som eit samarbeid mellom det offentlege og bondeorganisasjonane. På den tida blei dei arrangert mange kurs i regi av bøndene sjølve. Forsøksringane var med som lærarar den gongen. I tillegg til kurs blei det laga mange planar enkeltvis ved hjelp av rådgjevar, eller bøndene lagde plan sjølve. Det var då det blei uttala at ein ikkje trong å gå i barnehage for å få bruke fargeblyantar.
Utviklinga har gått sin gang. Miljøplanane blir forelda, og fokus kan fort bli retta andre stader. Miljøplanen er ikkje ein statisk plan som er laga ein gong for alltid. Gjødslingsplanen skal fornyast, sjekklista og sprøytejournal skal fyllast ut kvart år m.m. Planen skal omfatte alt areal som blir søkt produksjonstilskot på. Medlemar i samdrifter som søkjer produksjonstilskot kvar for seg, skal ha eigne miljøplanar.
I samarbeid med Fylkesmannen og kommunane vil NLR Sogn og Fjordane no arrangere nokre oppfriskingskurs. Alle går på kveldstid. Meininga er at deltakarane skal gå heim frå kurset med ein ajourført Miljøplan.
Tema på kurskvelden:
Kvifor Miljøplan?
Gjennomgang av krav til miljøplan trinn 1 og 2
Krav til kart og gjennomgang av kart over eigen gard
Gjennomgang av tiltaksskjema i trinn 1
Krav til gjødslingsplan
Gjennomgang av sjekkliste og sprøytejournal
Gjennomgang av miljøplan trinn 2 skjema
Deltakaravgift kr 300 for medlemar i Norsk Landbruksrådgiving og kr 500 for andre.
Alle må ha med seg eigne notatar/skjema som trengst. Den gamle miljøplanen og nye kart må også vere med. Hugs kart over evt. leigejord! Av kart kan ein bruke utskrift frå www.norgeibilder.no eller gardskart frå www.skogoglandskap.no Ta gjerne med fleire eksemplar, slik at du har litt ekstra om du gjer feil undervegs. Du må seie frå ved påmelding dersom du ønskjer at arrangørane skal ta med kart over garden din. Skjema som skal brukast blir utdelt på kurset.
Lokale
- Arrangør:
- Kommunestyresalen
- Gateadresse:
- I rådhuset på Nordfjordeid
- Postnummer:
- 6777
- By:
- Nordfjordeid
- Kommune:
- Norge
- Land:
-
Skildring
EventList powered by schlu.net

