Stårheim kyrkje
- Gateadresse:
- Sentrumsområdet
- Postnummer:
- 6777
- By:
- STÅRHEIM
- Kommune:
- Norge
- Land:
-
Skildring

Stårheim kyrkje vart bygd i 1864 av byggmeister Gjert Lien. Arkitekt var Chr. H. Grosch.
Altertavla vart måla i 1903 av stårheimaren Anders Orheim.
Stårheim kyrkje høyrer til Nordfjord prosti i Bjørgvin bispedømme, prost er Rolf Schanke Eikum. Sokneprest i Stårheim er ved inngangen av 2010 Kristin Stensrød med kontorstad: Eid Kyrkjetun. Det vert årleg halde nokre og tjue gudstenester med eit samla frammøte frå ca. 1300 og opp til over 3100. Vi ser og frå same statistikken frå 1998 fram til no at det vert døypt mellom 6 og 18 born kvart år.
Kyrkjetenar er Knut Hans Røed og soknerådsleiar er Odd Leif Nyberg. Arbeidet med kyrkjegardane/gravsteinane tek Finn Arve Sundal seg av, kontakt kyrkjekontoret på tlf. 57 86 17 55 i Eid kyrkjetun.
Ralph J. Cupper og Benedicte Rydland vekslar på å vere organistar.
Stårheim kyrkje fekk i 2008 ein ny kyrkjeglobe som var laga av Tomas Nygård.
Stårheim sokn i lag med Kjølsdalen sokn og Eid sokn er med i Eid kyrkjelege fellesråd. Leiar er Kristen Hundeide.
No hausten 2010 fekk kyrkjene i Eid eigne heimesider, du finn dei på www.eid.kyrkja.no
Der klikkar du deg vidare til det soknet du vil lese meir om.
EventList powered by schlu.net

