Jarle Åsebø
Nettstad URL: http://www.asebo.no/ E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Stårheim Sokneråd innbyr til flott julekonsert i Stårheim kyrkje søndag 11. desember kl 18.00. Desse medvirkar:
Stårheim Skulekorps, Inge Ytrehus, Stårheim Barnekor, Oddhild Louise Nyberg, Agnes Pavelich,
Paul Pavelich, Svanhild Høynes, Elena Starheim, Stårheim Songlag
Akk: Olga Pavlova og Asbjørn Eikenes
Mange gode grunar til å finne vegen til kyrkja denne førjulskvelden!
Bilete: Oddhild Nyberg, 2010

Sjølv om veret ikkje akkurat frista til uteaktivitetar, møtte mykje folk opp i sentrum og i Fram forrige søndag då Stårheim Bygdekvinnelag inviterte til julegrantenning og førjulskafe.
Her kan du sjå bilete frå arrangementet.

Tom Even Langø fekk prisen som årets optimist på årsmøtet.
ca 35 av dei 236 medlemmene i Eid bondelag fann vegen til årsmøtet på Stokkenes gjestegard 27. oktober. Styret hadde invitert ordførar Alfred Bjørlo til møtet for å fortelje om sitt eige og Eid kommune sitt forhold til landbruket, men ikkje minst for å ta med seg innspel frå årsmøtet tilbake til rådhuset og ordførarkontoret. Frå styret i Sogn og Fjordane bondelag møtte styremedlem Elin Haugen. Klikk på overskrifta for å lese meir....
Sist helg var mange av dei som var konfirmert for 50-51 år og 60-61 år sidan samla til jubileum i Stårheim kyrkje og i Samlingsheimen. Her ser du bilete av den eldste gjengen korfirmantar og ved å trykke på overskrifta får du sjå bilete av 50-års konfirmantane.
Fleire bilete her....
Nedlasting av bilete i stort format:
50 år, inne 50 år ute
60 år inne 60 år ute

Av ulike årsaker har driftstyret for Fram bestemt seg for å utsetje opningsfesten for huset inn til vidare.

