Stårheim 5℃

Kva skjer?

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
13141516171819
20212223242526
272829    

No current events.

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

isakgarden_120120
Så kom sola  tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......

Freidig 4H
onsdag 26. oktober 2011 21:42

Haustfest i 4H

Skrive av Gro Iren Nedreberg
Freidig 4H arrangerer haustfest i Fram fredag 28. oktober. Dørene opnar kl. 18.30 og det vert høve til å sjå på dei utstilte prosjekta før programmet tek til kl. 19.00.  Etter program og merkeutdeling går vi opp og får oss mat og spelar litt bingo (ta gjerne med tusj).  Velkomne!
tysdag 19. oktober 2010 20:30

Freidig 4H med haustfest i Fram

Skrive av Gro Iren Nedreberg

Fredag 22. oktober vert det 4H-haustfest i Fram.

Dørene opnar kl. 18,30, der ein kan gå rundt og sjå på alle dei utstilte 4H-prosjekta som medlemmane har arbeidd med i år.  Kl. 19.00 startar underhaldninga, og etter det vert det merkeutdeling, mat og bingo.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne!

laurdag 25. september 2010 14:37

Medlemsauke i Freidig 4H

Skrive av Gro Iren Nedreberg

Freidig 4H har no omlag 25 medlemmar. I haust har klubben vore med og arrangert volleyballturnering for alle 4H-klubbane i kommuna. På medlemsmøta har ein arbeidd med prosjekthefta, hatt konkurransar, laga mat og øvd seg på volleyballspeling.

No førebur vi oss til haustfesten som vert fredag 22. oktober.

 

onsdag 12. mai 2010 14:23

Freidig 4H med ryddeaksjon

Skrive av Gro Iren Nedreberg

Freidig 4H har tradisjon for å ta ein bossplukkingsrunde i Stårheim sentrum før 17. mai.

Tysdag kunne ein sjå fleire med pose i handa rundt omkring i vegkantane.

Etterpå vart det pølse m/brød og ein omgang med 4H-kampen (fakta-konkurranse).

søndag 28. mars 2010 09:01

Påskeverkstad

Skrive av Gro Iren Nedreberg

Medlemmane i Freidig 4H var samla til påskeverkstad i Fram. Her vart det trylla fram mange kyllingar i ulike fasongar. Her er gjengen med dei nylaga eggevarmarane - no vert det fint på frukostbordet i påska!

søndag 28. mars 2010 08:07

Påskemoro avlyst.

Skrive av Gro Iren Nedreberg

Freidig 4H sitt påskemoro-arrangement på Fannstøylen i dag vert avlyst p.g.a. det våte vêret.

Kanskje prøver vi på igjen seinare i påska - det vert i så fall annonsert her på sida :-)

Ha ei fin påske!

laurdag 06. februar 2010 12:26

4H-akedag på Myrstad

Skrive av Vivian Ytrehus

Forrige søndag arrangert Freidig 4H akedag på Myrstad. Her har vertskapet Vedvik/Nedreberg køyrt opp ein flott akebakke heil frå Sjøsetra og ned på tunet, og i stråland vintervèr låg alt til rette for ein flott 4H-dag.

Ikkje berre har dei ein flott akebakke på Myrstad. Dei tilbyr også transport opp til Sjøsetra! Nesten like artig som å ake, er å bli slepte på kjelkane etter tau bak  traktoren til Ragnar. Denne dagen hadde dei til og med leigd inn ekstramannskap, og Lars Endal og Ragnar køyrde i skytteltrafikk.

Anita ordna bål til oss, så svoltne akarar og tilskodarar fekk spidde pølser. Og Olaug diska opp med deilig bakst til heile gjengen! Vi hadde det kjempekjekt!

Tusen takk til Olaug og Ragnar, Gro Iren og Nils Magne.

Bilder frå akedagen finn de under Fotoalbum øvrst på sida her.

 

Kart

starheim_kart
Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK