Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

dscf0005.jpg

fotball_starheim_1980_1000
Stårheim IL sitt fotballag i  7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.

Vivian Ytrehus

Vivian Ytrehus

Nettstad URL: E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Forrige søndag arrangert Freidig 4H akedag på Myrstad. Her har vertskapet Vedvik/Nedreberg køyrt opp ein flott akebakke heil frå Sjøsetra og ned på tunet, og i stråland vintervèr låg alt til rette for ein flott 4H-dag.

Ikkje berre har dei ein flott akebakke på Myrstad. Dei tilbyr også transport opp til Sjøsetra! Nesten like artig som å ake, er å bli slepte på kjelkane etter tau bak  traktoren til Ragnar. Denne dagen hadde dei til og med leigd inn ekstramannskap, og Lars Endal og Ragnar køyrde i skytteltrafikk.

Anita ordna bål til oss, så svoltne akarar og tilskodarar fekk spidde pølser. Og Olaug diska opp med deilig bakst til heile gjengen! Vi hadde det kjempekjekt!

Tusen takk til Olaug og Ragnar, Gro Iren og Nils Magne.

Bilder frå akedagen finn de under Fotoalbum øvrst på sida her.

 

Kart

starheim_kart
Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK