Freidig 4H

Her ser vi nokre av medlemane på haustfesten 2009. Foto: Fjordabladet
Freidig 4H er ein av 77 4H-klubbar i Sogn og Fjordane. Klubben blei starta i 1956 av Johan Orheim. Klubben låg nede frå slutten av 1960-talet fram til 1982, då den blei starta opp igjen etter initiativ frå Stårheim bondelag
Medlemmer:
Klubben har auka medlemstalet dei siste par åra, hadde ved årsskiftet over 20 medlemmar.
For å vere med i 4H-klubben må du vere mellom 10-19 år.
Har du lyst å bli med i 4H-klubben, så ta kontakt med nokon i styret.
Styret:
I 4H er det medlemmane som styrer klubben.
I år ser styret vårt slik ut:
Leiar: Iselin Manseth
Nestleiar: Marie Zachariassen
Sekretær: Sol Emilie N. Røed
Kasserar: Åse Helene Ytrehus
Styremedlemmer: Stine Takle Piel og Sigrid Nedreberg
Klubbrådgjevar A: Anita Hunvik
Klubbrådgjevar B: Gro Iren Nedreberg
Aktivitet:
I løpet av året kan ein vere med på arrangement som t.d. ski/aketur på Fannstøylen, påskeverkstad, leirar, fiskedag og ulike kurs.

Utstilling av prosjekt på haustfesten 2009
Haustfesten og årsmøtet er viktigaste arrangementa i løpet av året. På haustfesten stiller medlemmane ut det det prosjektet dei har fullført i løpet av året, i tllegg øver vi inn eit morosamt program som vi viser til dei frammøtte.
På årsmøtet legg styret fram årsmelding og rekneskap, og det blir halde val av styre og klubbrådgjevarar.
To nyttige nettadresser:
Kva er 4H?
Norske 4H
Her kan du sjå nokre bilder frå fisketur i Remmedalen sommaren 2009





