Stårheim 5℃

Kva skjer?

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
13141516171819
20212223242526
272829    

No current events.

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

isakgarden_120120
Så kom sola  tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......

tysdag 17. januar 2012 21:08

Pub/dans i Fram

Skrive av Jarle Åsebø
Laurdag 28. januar innbyr driftstyret for Fram til pub/dansekveld i Fram frå kl  21.30 - 02.00. Her blir det flott dansemusikk frå gode naboar i vest: Cool Valley All Star. Dei har allereie skaffa seg eit namn her i bygda, etter eit speleoppdrag i Fram for ei stund sidan. Set av denne laurdagskvelden til  trivelig samvær med sambygdingar i Fram!
søndag 02. oktober 2011 18:36

Vi ynskjer å låne nokre gamle bilete

Skrive av Ole Martin Rafshol
Driftsstyret for FRAM ynskjer å kome i kontakt med dei som har bilete av FRAM frå før det vart bygd i 1936 og utover. Vi ynskjer og bilete av det som har gått føre seg inne, som f.eks. skodespel, 4H festar og anna. Det kan og vere nokon som har måleri av Vikja frå før FRAM vart bygd og utover. Vi vil be om å få låne bileta og vi vil deretter få Lars Lunde på Nordfjordeid til å avfotografere dei .
Vi planlegg å lage ei utstilling av korleis huset har sett ut oppgjennom åra og kva det har vore brukt til, denne vil vere eit av innslaga under åpningsfesten vi skal ha.
Ta difor kontakt med Ole Martin Rafshol eller ein annan i Driftstyret for FRAM og vi vil kome og hente bileta. Vi blir svært takksame om vi får låne bileta dykkar.
torsdag 11. august 2011 05:46

Opningsfesten i Fram blir utsett

Skrive av Jarle Åsebø
lagshuset fram 17052007 web
Av ulike årsaker har driftstyret for Fram bestemt seg for å utsetje opningsfesten for huset  inn til vidare.
tysdag 05. april 2011 09:44

Påskepub med dans

Skrive av Jarle Åsebø
born2boogie-300pxPalmelaurdag  16. april blir det påskepub i Fram kl 21.30 - 0200.
Kjempeflott dansemusikk av duoen Born2Boogie. Vi garanterar god stemning og ein trivelig kveld i godt selskap, så det er berre å setje av kvelden til dette formålet allereie no.
onsdag 23. februar 2011 19:35

Nye leigesatsar for Lagshuset FRAM

Skrive av Ole Martin Rafshol
På sida Om Lagshuset FRAM finn de no dei nye leigesatsane for bruk av dei ulike delane av lagshuset FRAM.
søndag 26. desember 2010 15:51

Romjulspub i Fram

Skrive av Jarle Åsebø
27. desember, 3.juledag,  kl 21:00- 02:00 inviterar vi til romjulspub i Fram. Håpar at mange vil nytte  høvet til å treffe bygdefolket til sosialt samvær.  
Denne gongen tek vi i bruk den nyoppyssa storsalen.
Sal av øl, vin, sider og snacks. Det blir også høve til å bruke dansegolvet.
Aldersgrense 18 år.
Arr: Driftsstyret for Fram
søndag 07. november 2010 16:30

Har du pent brukt baderomsutstyr?

Skrive av Jarle Åsebø
Byggjeprosjektet vi har halde på med i Fram dei siste par åra er straks ferdig. I den nye delen av storsalen kunne vi ha bruk for ein vask, gjerne innbygd i ein benk/skap, så har du noko slikt ståande som du ikkje har bruk for, kan du gjerne ta kontakt med Ole Martin Rafshol.
laurdag 08. mai 2010 06:16

Pubkveld i Fram

Skrive av Jarle Åsebø
I kveld  klokka 21.00 - 02.00 blir det igjen anledning til hyggjelig samvær med sambygdingar og andre gjester i 2. etasje i Fram. 18 års aldersgrense. Sal av snaks, øl, vin cider og brus. Fint om du møter opp for å ha ein trivelig laurdagskveld, samtidig som du støttar opp om drifta og utbygging av huset. Arrangør: Driftsstyret.
fredag 23. april 2010 08:30

Golvlegging i Fram

Skrive av Jarle Åsebø

Det har gått radig unna med byggeprosjektet i Fram siste tida. Onsdag kom den nye inngangsdøra på plass og i  går byrja dugnadsgjengen på legging av nytt golv i storsalen. Dette arbeidet blir trulig ferdig i løpet av kvelden, og då står senking av taket i gangen og maling og oppussinga av trappeoppgangen for tur. Sjå fleire bilder ved å klikke på overskrifta. 

Kart

starheim_kart

Annonsørar Lagshuset FRAM

Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK