Driftsstyret for FRAM ynskjer å kome i kontakt med dei som har bilete av FRAM frå før det vart bygd i 1936 og utover. Vi ynskjer og bilete av det som har gått føre seg inne, som f.eks. skodespel, 4H festar og anna. Det kan og vere nokon som har måleri av Vikja frå før FRAM vart bygd og utover. Vi vil be om å få låne bileta og vi vil deretter få Lars Lunde på Nordfjordeid til å avfotografere dei .Vi planlegg å lage ei utstilling av korleis huset har sett ut oppgjennom åra og kva det har vore brukt til, denne vil vere eit av innslaga under åpningsfesten vi skal ha.
Ta difor kontakt med Ole Martin Rafshol eller ein annan i Driftstyret for FRAM og vi vil kome og hente bileta. Vi blir svært takksame om vi får låne bileta dykkar.


