Denne vinteren gjennomfører vi innspurten i opprustinga av Fram, og då treng vi fleire dugnadsarbeidarar. Siste vekene føre jul var det dugnad kvar fredag og laurdag, og det må vi prøve å få til vidare framover vinteren, i tillegg til nokre kveldstimar på vekedagane.
Målet er å bli ferdige med det meste før 1. mai, slik at heile huset kan takast i bruk til 17. mai, og vi håpar at mange vil melde seg på til å ta eit tak framover vinteren. Arbeidet som skal gjerast no framover er å gjere ferdig kledning av tak og veggar i den nye delen av salen, legge nytt tak og golv i storsalen og sette opp brystningpanel i salen.
Dugnad er sosialt og morosamt og det blir servert kaffi med noko attåt på kvar økt.
Dei som har lyst og anledning å vere med, kan ta kontakt med Roald Starheim, tlf 915 31 450 eller Jarle Åsebø, 413 35 786 eller
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.

