Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

Om Lagshuset FRAM

lagshuset fram 17052007 web

Velkomen til Lagshuset FRAM si heimeside.
Vi er for tida inne i den siste oppussinga av ei heil rekke med påbygging, ombygging og oppussing som vi har drive med no i fleire år. Det vi har arbeidd med i 2010/2011 er dansesalen med kosekrok, vestibylen og nytt inngangsparti/vindfang. Vi hadde håpa å vere ferdige til 1. mai 2010, men vi greidde ikkje det. No driv ein med dei siste småplukkarbeida som tek tid, men ikkje viser noko att. 
Mens de ventar på at det vert ferdig får de får sjå på det som positivt for bygda at det er satsingsvilje/endringsvilje frå dei som sit i driftsstyret.
28. november 2010 vart lokala tekne ibruk ved julegrantenninga og er no i vanleg bruk. Driftsstyret la opp til ei offisiell opning 24. september 2011 med tilhøyrande aktivitetar, men denne er no utsett.

Styret i Lagshuset FRAM i 2011 er:
Leiar:            Roald Starheim
Kasserar:    Asbjørg Bjørkedal
Styremedlemmer: Odd Eivind Håvik, Jarle Åsebø og Ole Martin Rafshol

Kontaktperson ved utleige/bruk av lokala:

Britt Mariann Myrold, tlf. 901 81 775

SATSAR FOR UTLEIGE AV LAGSHUSET FRAM
Gjeldande frå februar  2011

Frivillig barne- og ungdomsarbeid med ikkje inntektsgjevende aktivietet er gratis. Det vert då vaska ved behov.

Aktivitetar elles betalar som følgjande:
· 10 % av eventuelle omsetning, dog følgjande minstesatsar:
o storsal 1. etasje med toalett, uten kjøkken/scene  kr 1 200,-
 - tillegg for scene     kr    300,-
 - tillegg for bruk av kjøkkenet i 2.dre etasje      kr    500,-
o storsal 2. etasje med toalett – uten kjøkken   kr    600,-
o småsal 2. etasje med toalett – uten kjøkken  kr    500,-
- tillegg for bruk av kjøkken                                  kr    500,-
 
Minstesats for heile lagshuset kr 3 000,- 

 

Litt historikk

Lagshuset FRAM vart bygd av Stårheim ungdomslag og det stod klart til bruk i 1936. Etter kvart som tida gjekk vart det klart at huset vart forlite til ymse aktivitetar. I 1974 vart det difor utvida austover med 7,5 m i to etasjar og ein bygde eit tilbygg mot skulen på 5m berre i ein etasje. I 1. etasje vart det vestibyle og toalett m.m. I andre etasje fekk vi lokale til ein filial av Eid Folkebibliotek på ca. 65 m2.  Kjøkkenet fekk nytt Espekjøkken og matsalen oppussa. Ein la og nytt tak av takplater.

På nittitalet var det igjen tid for utviding, denne gongen på oppsida mot skulen. I 2dre etasje fekk ein større folkebiblioteklokale og ein krok til eit bygdekontor med fleire datamaskiner. I 2008 hadde dei fleste fått eigne datamaskiner rundt om i heimane og bruken av datamaskinene tok slutt, ein avvikla difor bygdekontoret..

I 2001 sette ein igjen igong med utviding, denne gong mot vest med 5,5 m i to etasjar som toppbiletet viser. I 1ste etasje er der ei stor scene med garderobe og toalett. Oppe er det eit nytt stort espekjøkken med gasskomfyr m.m. og kjølerom. Ein la igjen nytt tak, denne gongen med shingel og ein skrudde fast snøfangara. Heile bygget vart oppattmåla.

Våren 2010sette ein igong og laga til rommet under folkebiblioteket til sitjeplassar ved sidan av dansesalen. Ein har saga hol og slege ned delar av murveggen mellom romma for å lage danseplassen større. Ein har og pussa opp dansesalen med nytt golv, tak og kledning på veggane. Ute i vestibylen er det laga til ein ny inngong og vindfang for å redusere kald lufttrekk ved trafikk ut og inn ved arrangement. Golvet er  flislagt og elles er det utført generell oppusssing av vestibylen.
Alt av rørleggardelen og elektrodelen i heile huset skal no vere av nytt godt merke til bruk i mange år framover.


Gamle bider av FRAM

Er det nokon som har gamle bilete av FRAM, eller av arrangement i FRAM, liggande i album eller liknande så er vi interessert å få ein kopi. Det er berre å ta kontakt så skal vi komme og få det digitalisert. OMR 

1980 strheim fotball mai med namn.jpg

 

Kart

starheim_kart
Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK