I dag skipa Stårheim og Heggjabygda til krinsrenn sprint skiskyting på Harpefossen. Rennet kom litt utanom tur, då det var for kaldt i januar. Dei nye løypene vart testa og stemninga var som ho skal vere når vi skipar til tevling. TD Jon Arne Kvåle hadde ingenting å utsette på gjennomføringa. Her er resultatlista. Eg har slite som berre det for å laste opp bilete her, men i kveld lar dette seg rett og slett ikkje gjere. Derfor er ein haug foto lagt på nordfjordteam sine heimesider i staden, du kan sjå og/eller laste dei ned her.
Og som om ikkje dette var nok: Linn Kathrin tok bronse i Mo i Rana i dag og! Gratulerer!!! Øvrige resultat frå NC i Mo finn du her.

Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.
Sist endra søndag 14. februar 2010 20:58
Lest 745 gonger
Publisert i
Stårheim IL ski/skiskyting

