Sunnylven inviterte til KM fellestart i skianlegget i Hyttehola. Kaldt, men svært gode forhold. Litt vekslande vind på standplass. Arrangøren gjennomførte eit fint renn og Stårheim fekk 6 KM-vinnarar.
KM gjeld for klassene 13 år og eldre. Dei gjekk fellestart med strafferundar. Dei yngre klassene gjekk normalprogram med 30 sek tillegg pr bom.
I yngste jenteklasse var Kristine Remme Nilsen dagens debutant frå Stårheim. Ho skaut like godt fullt hus! Det same gjorde veninna Sigrid Nedreberg. Marie Alsaker gjorde også ein fin innsats i denne klassa. Det var også fin innsats i yngste guteklasse. Der deltok Bjørnar Remme Dale, Lasse Flo Bødal, Tore Leivdal, Sindre Årskog, Andreas Lote Henden og Tore Årskog.
I J11 år kom tre glade Stårheimsjenter på seierspallen. Øverst kom Maria Munch Staheim, som traff alle blinkane og fekk ugle. Like bak kom Sigrid Flo Bødal og Andrine Heggen. I G11 vart det 6.plass til Andreas Raknes Fortun med 8 treff, 7.plass til Johan Olav Smørdal Botn med 4 treff og 10.plass til Sivert Myrold med 5 treff.
I J12 vann Elise Skeide Bakke med 6 treff. Mathias Lote Henden fekk ein fin 2.plass i G12 med 6 treff.
Aina Sofie Bakke utklassa alle i J14 med 9 treff. Det same gjorde Isak Flo Bødal i G15, med 7 treff. KM-vinnar vart også Merete Heggen i K17 år med 14 treff, Espen Flo Bødal i G17 med 14 treff, Linn Katrin Bakke i K19 med 13 treff og Ivar Nord i M19 med 15 treff (4 skytingar). Her vart Bjørn Erik Henden nr 2.
Stein Hans Nesbakk fekk ein fin 3.plass i den store og sterke 14-årsklassa med 6 treff. Her vart Jørn Smørdal Botn nr 4 med 5 treff, Fredrik Munch Starheim nr 7 med 5 treff, Erlend Solhaug Myklebust nr 11 med 4 treff og Erik Raknes Fortun nr 12 med 7 treff.
I J15 år gjekk Mari Sollid Eide nr 2 med 2 treff og Kristin Heggen nr 3 med 6 treff. I denne klassa skaut Eirin Teigen Kvåle fullt hus og vann.
I G16 år vart Vebjørn Hjelle nr 3 med 4 treff. Her vann Johan Erik Meland med feilfri skyting. I J16 år vart Heidi Flo Bødal nr 4 med 5 treff, bak Honndalsjentene Emilie Houm Otterdal, Helene Støve Otterdal og Anja Bertine Tomasgard.
I G13 vart Kristian Årskog nr 5 med 4 treff og Kim Andre Nygård nr 9 med 5 treff.
Resultatlista ligg her: http://www.hellesylt.no/default.aspx?menu=833&id=1342
Sjå også fotoalbum med bilete frå Sigbjørn og Magne.


