Andrea Skeide Bakke gjekk i dag til topps i landsdelsmeisterskapen i skiskyting for jenter 14 år. Einaste "skår" i gleda måtte vere at det var feil landsdel så ho får ikkje tittelen. Det er nemleg austlandsmeisterskapen som vert arrangert i Folldal denne helga. I dag var det normaldistanse og Andrea hadde 4 treff på kvar skyting, og med god fart i sporet så slo ho austlandsmeisteren med 36 sekund (dei hadde likt skyteresultat). På deltakarlista finn vi alle dei som stod på sigerspallen på Kvalfoss-sprinten tidlegare i vinter.
I morgon (søndag) er det sprint, og vi ynskjer Andrea lukke til!


