Alle er vinnarar.
Alle som deltar i motbakkeløp opplever seg sjølve som vinnarar. Det handlar ikkje så mykje om tida ein brukar som det gjer å kome seg til topps. Inspirasjonskjelda vår er å kunne lage eit arrangement der alle skal få høve til å kome seg ut i naturen og oppleve dei fantastiske fjella våre.Vi arrangerte det første motbakkeløpet i Eid kommune i fjor med god deltaking. I år har det blitt fleire løp og det er mange som ser på dette som ein god aktivitet for alle.
Vi har deltakarmedalje til alle og premiering av dei beste i konkurranseklassane. Det vert også trekt ut nokre premiar vilkårleg blant alle som deltar.
Det vert sagt at toppen av Trollevassnyken er staden der heksene mellomlandar på jonsokaftan på veg frå Honndalsrokken til Hornelen. Frå toppen har ein flott utsikt mot Sunnmørsalpane og fleire av Nordfjordkommunane

Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.
Klart for motbakkeløpet Trollevassnyken opp for andre gong. Eldste motbakkeløpet i Eid kommune.
Skiskyttargruppa til Stårheim IL er no klar for å arrangere Trollevassnyken opp for andre gong. Vi har same utgangspunkt for trimklassa som i fjor, mens starten på konkurranseklassa vert litt lenger nedanfor Heida. Dette er for at vi skal få litt strekk i feltet før ein kjem til råsa for å unngå trengsel. I år må konkurranseklassa stille med sekk på
Vi håpar at mange vil legge turen til Heida på SØNDAG 29. AUGUST. Trimklassen startar frå kl. 13:30 og konkurranseklassane har fellesstart kl. 15:00.Påmelding til Nils Magne Nedreberg på tlf.: 97569018 eller mail:
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Det vert også høve til å melde seg på ved start
Trimklassa startar i god tid før konkurranseklassa og vil dermed ha høve til å lage ei god stemning på toppen når dei raskaste fjellgeitene kjem mot mål.

