Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

dscf0005.jpg

fotball_starheim_1980_1000
Stårheim IL sitt fotballag i  7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.

tysdag 16. november 2010 19:07

Skikvelden i Fram

Skrive av Nils Magne Nedreberg
Ranger denne saken
(0 stemmer)

Starheimsgjengen

Det var godt frammøte i Fram torsdag då ski og skiskyttargruppa i Stårheim IL hadde skikveld.

Nytt av året var at fjelltrimmen hadde si utdeling av diplomar og pokalar.

Det vart så utdeling av diplom frå skytekarusellen og lagsmeisterskapen i skyting, som rekruttane og juniorane har hatt i sommar. Etter ein del informasjon om økonomi og aktivitetar, hadde vi ei matøkt med innlagt lynlotteri og prøving av ulike kle frå Team Stårheim.

Eg vil rette ei stor takk til næringslivet i kommunen som gir oss flotte premiar til loddbøkene. Ei stor takk går også til Kjelly Hafsås som atter ein gong ga oss ein av dei flotte nissane som ho lagar sjølv. Dette har blitt hovudgevisten i lotteriet, og ein av grunnane til at loddsalet går så godt. Frå loddbøkene og lynlotteriet fekk vi ei inntekt på kr. 33.500,- noko vi er svært godt nøgde med.

Gevinstliste og vinnarar finn de her

Ei stor takk til alle som kjøpte lodd og støtta skiskyttargruppa. 

Sist endra tysdag 16. november 2010 19:49
Nils Magne Nedreberg

Nils Magne Nedreberg

E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Legg til kommentar


Kart

starheim_kart
Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK