
Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.
Einar Løken
Nettstad URL: E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Oppkjøyringa til ny sesong er starta for Ronny og Akseli. Det har vore kjent ei stund at Ronny er inne på verdens beste landslag i skiskyting.
Denne veka vart Akseli teken ut på B-landslaget i hopp. Dei andre på laget er Andreas Stjernen, Kim Rene Elverum, Anders Fannemel, Rune Velta, Vegard Haukø Sklett og Atle Pedersen Rønsen. Trenar er Jermund Lunner. Akseli er svært fornøgd med å få Jermund Lunner som trenar og ser fram til ny sesong, der mange av samlingane blir i lag med A-landslaget.
Anders Fannemel fra Hornindal er også på B-landslaget. Det svært positivt for hoppsporten i Sogn og Fjordane med to utøvarar på dette nivået.
Det blir endringar i opplegget for Ronny komande helg. Det blir ingen 5 mil i Holmenkollen, men reiser i staden til Kontiolahti og deltakelse i world cup skiskyting. Positivt for Ronny med fornya tillit på world cup laget i skiskyting .
Akseli feira sin 26 års dag i Wisla, med å bli den beste norske og 6. plass i dagens COC konkurranse. Rennet vart vunne av Adam Malysz..
Dagens renn viser at Akseli er på rett veg igjen og pallen er ikkje langt unna. Nytt renn i morgon og nye muligheter.
Akseli var tilbake på vinnersporet under dagens Norgescup i Granåsen. Første seier denne sesongen sidan han vart Norgesmeister på plast i den same bakken i haust. Han var 2,5 poeng føre Andreas Vilberg og 6 poeng føre Vegard Swensen. Formen er stigande og Akseli ser positivt på siste del av sesongen.

