
Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.
Sigbjørn Myklebust
E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Fotoalbum frå VM i Markane 5.-6. februar er å finne HER. Klikk på bileta og bruk funksjonane i overkant for deling, nedlasting eller lysbildeframsyning.
Her er ALBUM frå avslutninga av skiskyttarfestivalen og -sesongen. På dette biletet ser vi dagens glade "medaljørar" frå Stårheim IL. F.v. Isak Flo Bødal, Elise Skeide Bakke, Aina Sofie Bakke og Vebjørn Hjelle. Gratulerer!
Lysbildeframsyning på Flickr: fredag - laurdag - søndag
Fullskjerm-knapp nede t.h. (beveg musa), under Options oppe t.h. kan ein regulere farten. Med linken oppe t.v. kan ein gå inn i albumet og laste ned bilete i ulike storleikar.
Gje beskjed hvis nokon vil reservere seg mot publisering, evt. fjerne enkeltbilete.
Aina slo til med 2. plass! Elles ein god dag for Stårheim med fleire topp-10: Elise nr 4, Vebjørn nr 6, Erlend nr 8 og Isak nr 10!
Hektisk program med m.a. flott premieutdeling i Ål kulturhus gir lite tid til å skrive heim, prioriterer å legge ut bilete i albumet HER.
Denne helga blir skiskyttar-sesongen avslutta på tradisjonelt vis på Liatoppen i Ål. I dag fredag vart det avvikla stafettar i fin sol men frisk/skiftande vind, og Stårheim IL stilte med 3 lag. Først ut var Erik, Jørn og Erlend (f.v på biletet) som gjekk inn til ein fin 25. plass i G 13-16 med 70 lag på startstreken. Vebjørn, Mari og Andrea gjorde også sine saker bra, og vart nr 9 av 23 lag i mix-klassen 13-16 år. Og til sist men ikkje minst; i Mix 11-12 fekk Andreas, Johan Olav og Elise 4. plass! (10 lag)
ALBUM frå fredagen. Takk til Solveig Smørdal Botn for bidrag.
På festivalen si heimeside HER ligg fullstendige resultatlister, og du kan m.a. følgje resultata online resten av helga.
HIL Skiskyting har denne helga arrangert vellukka krinsrenn i Grendadalen. Arenaen ligg ca 6 km frå Grodås sentrum, i eit flott turområde ved Storesætra og Hornindal skisenter. Det var eit fantastisk ver, med reine påskestemninga når sola tok tak ut på dagen. I dag var det sprintrenn og fleire gode resultat for Stårheim IL sine deltakarar. I G 13-14 vart det igjen full pott på pallen men omstokking av rekkefølga, Fredrik vann medan Jørn og Erlend vart nr 2 og 3. Aina og Andrea bytta også plass på toppen i sin klasse. Vidare vart Matias nr 1 i G 11-12 og Maria kom på ein delt 2. plass i tilsvarande jenteklasse. Det var ikkje fullt så god skyting som i går, men nybyrjarane Tore L, Sindre og Andreas skaut feilfritt.
Vi gratulerer med flott innsats og takkar for ei fin helg!
Bilete frå i dag HER. Klikk på knappen nede i høgre hjørne for å sjå lysbildeshowet på fullskjerm. I albumet kan du laste ned bileta i ulike storleikar.
Stårheim-troppen kjempar denne helga på fleire frontar, m.a. deltek 7 utøvarar i Junior-NM i Trøndelag. Likevel stiller vi mannsterke med 24 deltakarar på krinsrenn i Hornindal, og på dagens normal tok desse godt for seg av pallplassane. I den store klassen G 13-14 vart det like godt 4-dobbelt Stårheim! Stein Hans klinka til med 9 treff og klatra heilt til topps, vidare følgde Jørn, Fredrik og Erlend. Andrea og Aina tok 1. og 2. plass i sin klasse, medan Maria med 9 treff vann klasse J 11-12 så vidt føre Elise. Tore Årskog meia ned 9 blinkar, og det var god skyting av nybyrjarane også. Sigrid N, Sindre og Lev skaut to fulle hus. Vebjørn Høynes fekk ein fin 3. plass i G 11-12.
Det var strålande forhold i Grendadalen i dag, og Yr.no lovar flott ver i morgon også.
Fullstendig resultat HER
Du kan sjå lysbildeshow frå rennet HER
Hardbagg IL arrangerte i dag krinsrenn i skiskyting med normalprogram. Rennet blir tradisjonelt avvikla i romjula men måtte utsetjast på grunn av snømangel. I dag var det flotte forhold, med vindstille og behageleg temperatur. Av ca 100 deltakarar var 31 frå Stårheim, og våre løparar markerte seg i toppen av resultatlistene. Sigrid F.B., Aina, Erlend, Merete, Espen og Odd Harald fekk 1. plass i sine klassar. Fredrik og Isak fekk 2. plass, Vebjørn Hjelle og Maria vart nr 3.
Fullstendig resultatliste HER
Link til album med fleire bilete HER

