Stårheim 5℃

Kva skjer?

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
13141516171819
20212223242526
272829    

No current events.

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

isakgarden_120120
Så kom sola  tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......

laurdag 05. november 2011 12:10

Positivt årsmøte i Eid bondelag

Skrive av Jarle Åsebø

bondelagsmote_optimistpris2
Tom Even Langø fekk prisen som årets optimist på årsmøtet.

ca 35 av dei 236 medlemmene i Eid bondelag fann vegen til årsmøtet på Stokkenes gjestegard 27. oktober. Styret hadde invitert ordførar Alfred Bjørlo til møtet for å fortelje om sitt  eige og Eid kommune sitt forhold til landbruket, men ikkje minst for å ta med seg innspel frå årsmøtet tilbake til rådhuset og ordførarkontoret. Frå styret i Sogn og Fjordane bondelag møtte styremedlem Elin Haugen. Klikk på overskrifta for å lese meir....

fredag 15. april 2011 07:08

Påsketreff i Nordfjord 19. april

Skrive av Ole Martin Rafshol
Også i år vil bondelaget ha ein stand under påsketreffet i Operahuset Nordfjord. Ca 30 firma har no meldt inn at dei vil informere om kva tilbod dei kan tilby ungdomar etter utdanninga si eller til dei som vil flytte heimatt til Nordfjord.
Les meir her.

DiscoveryeplerTorsdag 17. mars vert det demonstrasjon av beskjering av frukttre og bærbuskar ved ringleiar Rune Vereide på Hildenes hjå Anna Wuttudal og Gunnvald Hildenes. Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid eller direkte på garden klokka 18.00. Alle er velkomne til å vere med på denne faglege og sosiale vårlege happeningen som Eid hagelag og Eid bondelag inviterer til. Lotteri og servering av kaffi og traktorvaflar.

søndag 13. februar 2011 19:09

HMS kurs og ledige jobbar

Skrive av Ole Martin Rafshol
Knut Tore ber om at De hugsar HMS kurset som skal vere på Eid Kyrkjetun torsdag fk. kl.20.00


På Landbrukstenester Nordfjord sine sider les vi at dei har bruk for ein avløysar og fleire som kan stille som tilkallingshjelp ved sjukdom og i helgar. Les meir Her.
laurdag 22. januar 2011 10:33

Nytt frå bondelaget i Eid

Skrive av Ole Martin Rafshol

Knut Tore Nes Hjelle ber om at dei som enno ikkje har teke det obligatoriske HMS-kurset no tek og melder seg på til han innan den 26. januar. Han seier at ein planlegg å starte opp i veke 7, midten av februar.

Bondelaget har no utarbeidd avtalar for bruk av hest på inn og utmark, dette har vore etterspurt lenge og kan no tingast i nettbutikken til bondelaget under standardavtalar. Ein har i same høvet laga ei brosjyre i PDF format som og kan tingast i nettbutikken under kunnskapsmateriell.

Det er og kome ei ny lokallagssending, den finn de på bondelagssida.

måndag 11. oktober 2010 19:06

Eid bondelag tur til Bergen

Skrive av Ole Martin Rafshol
22 stk. har alt meldt seg på turen helga 26-28/11 til Radisson Blu Royal Hotel, i Bergen som Eid bondelag arrangerer. Knut Tore opplyser at onsdagsmorgonen er siste frist for påmelding for dei som ikkje alt har bestemt seg. Les meir om turen på det tilsendte orienteringsskrivet. Dette skal bli kjekt folkens. Helsing sjølvutnevnt turgeneral Knut Tore, mob  977 49 491
tysdag 30. mars 2010 15:31

Beitelagsårsmøtet

Skrive av Ole Martin Rafshol

Årsmøtelyden beitelaget 2010
Leiar Gustav Orheim leia årsmøtet i beitelaget, der ni av ialt 21 medlemmar hadde møtt fram. Dei fekk høyre at det hadde vore ei jamt god drift siste åra med oppsetjing av sperregjerder, ca. 1000m i 2009. Økonomisk vart det i 2009 eit underskot på kr. 8765.- , eiga pr. 31.12 var på kr. 19580.- og det vart planlagd ein del nye fellesprosjekt i 2010. Ved å klikke på les meir får de opp heile årsmeldinga.

torsdag 18. mars 2010 12:35

Påsketreff 2010 i Operahuset 30 mars

Skrive av Ole Martin Rafshol
paasketreff_2010_plakat_web

Eid bondelag har i år meldt seg på Påsketreffet 2010 som skal vere i Operahuset. Vi vil delta med stand og fortelje om dei moglegheitane som finnst for dei som vil bu, etablere seg og arbeide i Nordfjord.
Landbruket er inne i ei tid med store endringar og då er vi interessert å få inn nye unge folk som kan vere med og forme landbruket i framtida. Leiar Knut Tore og andre frå styret vil vere til stades og orientere. VELKOMNE

Ved å klikke på les meir under finn de ein link til heile innbydinga, PDF fil.

Kart

starheim_kart

Annonsørar Stårheim bondelag

Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK