Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

fotball_starheim_1980_1000
Stårheim IL sitt fotballag i  7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.

tysdag 05. januar 2010 22:39

Referat frå bondelagsårsmøtet

Skrive av Jarle Åsebø
Ranger denne saken
(0 stemmer)
Bjørn Haugland framfører ein god prolog som han skreiv mens potetene kokte tidlegare på ettermiddagen Bjørn Haugland framfører ein god prolog som han skreiv mens potetene kokte tidlegare på ettermiddagen Ole Martin Rafshol
Omlag 25 personar hadde møtt fram i Orheimstunet til det ekstraordinære årsmøtet i Stårheim bondelag og Eid bondelag for å slå dei to laga saman. Årsmøta i dei to laga hadde tidlegare samrøystes vedteke å slå seg saman og bedt styra og valnemnd skipe til eit ekstraordinært årsmøte.

Brit Brækhus frå styret i Sogn og Fjordane bondelag og Oddvin Haugland frå dei tilsette i Førde hadde og teke turen til Orheimstunet. Dei såg positivt på at det vart skipa sterke lokallag rundt i fylket og dei ynskte oss tillukke med årsmøtet.

Leiar i Eid bondelag Knut Tore Nes Hjelle vart vald til møteleiar og han losa det godt i hamn.

  

  

Årsmøtesakene gjekk det greitt å få igjennom, med litt avklarande diskusjon rundt kvar sak vart dei vedtekne samrøystes.

Årsmøte vedtok å gje ei årleg godtgjerdsle til leiar på kr. 5.000, sekretær og skrivar kr. 1000 kvar for det arbeidet dei legg ned for medlemmane og laget.

Helge J. Melheim la fram valnemnda si innstilling som vart vedteken med akklamasjon som følger:

Knut Tore Nes Hjelle,  leiar      for 1 år

Bjørn Haugland                         for 1 år

Asbjørn Mannset                      for 1 år

Cecilie Bjørlo                            for 2 år
Anne Inger Moen                     for 2 år

Anders Jarle Heggen                for 2 år

Styret konstituerer seg sjølv på fyrste styremøte.

Vara for 1 år i nummerrekkjefølge:
1. Pål Amund Naustdal

2. Åmund Starheim

3. Jostein Espelund

Revisor for 1 år:
Knut Rasmus Hjelle 

Valnemnd:

Helge Jarl Melheim              for 1 år

Jorun Bjørkedal Manseth    for 2 år

Ole Kristian Åsen                for 3 år

Årsmøtet var halde i ein god tone og alle var samde om at ein hadde gjort eit rett val for å møte framtida på ein god måte.

Etter årsmøtet åpna Oddvin Haugland opp med å framføre eit stev og Bjørn Haugland framførte nokre velvalde ord i høve samanslåing av dei to laga.

 

 
Sist endra laurdag 23. januar 2010 18:53
Jarle Åsebø

Jarle Åsebø

Nettstad: www.asebo.no/ E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Legg til kommentar


Kart

starheim_kart

Annonsørar Stårheim bondelag

Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK