
Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.
Ole Martin Rafshol
Nettstad URL: E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Julelotteriet i Stårheim Idrettslag vart trekt 19.12.2011
1. ½ gris - Torgrim Sagsletten Smørdal
2. Spekeskinke - Fam. Nils Magne Nedreberg
3. Spekeskinke – Roald Remme
4. Fenalår – Patrick Isene
5. Ribbe – Fam. Per Orheim
Stårheim Idrettslag gratulerer vinnarane og takkar alle for støtta.
Vennlig helsing Arild Vonheim
Driftsstyret for FRAM ynskjer å kome i kontakt med dei som har bilete av FRAM frå før det vart bygd i 1936 og utover. Vi ynskjer og bilete av det som har gått føre seg inne, som f.eks. skodespel, 4H festar og anna. Det kan og vere nokon som har måleri av Vikja frå før FRAM vart bygd og utover. Vi vil be om å få låne bileta og vi vil deretter få Lars Lunde på Nordfjordeid til å avfotografere dei .Vi planlegg å lage ei utstilling av korleis huset har sett ut oppgjennom åra og kva det har vore brukt til, denne vil vere eit av innslaga under åpningsfesten vi skal ha.
Ta difor kontakt med Ole Martin Rafshol eller ein annan i Driftstyret for FRAM og vi vil kome og hente bileta. Vi blir svært takksame om vi får låne bileta dykkar.
Les meir her.
Torsdag 17. mars vert det demonstrasjon av beskjering av frukttre og bærbuskar ved ringleiar Rune Vereide på Hildenes hjå Anna Wuttudal og Gunnvald Hildenes. Oppmøte på rutebilstasjonen på Nordfjordeid eller direkte på garden klokka 18.00. Alle er velkomne til å vere med på denne faglege og sosiale vårlege happeningen som Eid hagelag og Eid bondelag inviterer til. Lotteri og servering av kaffi og traktorvaflar.
På sida Om Lagshuset FRAM finn de no dei nye leigesatsane for bruk av dei ulike delane av lagshuset FRAM.
Sesongens fjelltrim er over og resultatet er no klart. Bøkene ligg ute heile året og blir skifta ut den 15/9 kvart år. Det blei registrert til saman 9437 turar i løpet av denne sesongen, noko som er fantastisk bra. Den mest besøkte fjellposten var Sethaugen med til saman 5392 turar, noko som gir eit snitt på nesten 15 personar kvar dag i løpet av eit år, sommar som vinter.
Stårheim IL starta opp med fjelltrimmen i 1989 og det er ingen tvil om at det å ta seg en fjelltur, har blitt veldig populært dei siste åra. Fleire og fleire har nytta seg av dette tilbudet. Fjellturane har gjeve stårheimarane mykje god mosjon og ikkje minst mange flotte naturopplevingar har ein fått med på kjøpet. Vi håpar at minst like mange ynskjer å benytte seg av dette tilbudet i åra framover, mvh Arild Vonheim
Lista finn de ved å klikke på overskrifta.
Knut Tore ber om at De hugsar HMS kurset som skal vere på Eid Kyrkjetun torsdag fk. kl.20.00På Landbrukstenester Nordfjord sine sider les vi at dei har bruk for ein avløysar og fleire som kan stille som tilkallingshjelp ved sjukdom og i helgar. Les meir Her.

