
Så kom sola tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......
Aktuelt

Sjølv om veret ikkje akkurat frista til uteaktivitetar, møtte mykje folk opp i sentrum og i Fram forrige søndag då Stårheim Bygdekvinnelag inviterte til julegrantenning og førjulskafe.
Her kan du sjå bilete frå arrangementet.
Stårheim Bygdekvinnelag
har gjeve kr 15.000,- til ungdomshuset "Fram". I samråd med husstyret og Bygdekvinnene skal det kjøpast inn utstyr til kjøkkenet. Vi håpar at dette kan vere med å oppgradere innholdet i skuffe og skap.
God Påske til alle :)
Bygdekvinnene vil takke
bygdefolk som møtte opp på julegrantenninga som vi hadde i dag. Kjempeflott at SO monge møtte og støtta oss. Vi var so heldig at vi fekk ta i bruk "nyesalen" i Fram. Men jammen vart den forliten òg i dag. So gangen måtte vi bruke òg. Takk til skulekorpset og barnekoret som underheldt i dag. Vi vil spesielt takke Håvard, Ole Martin og Ottar som hjelpte oss med treet. Vi håpar at alle fekk ei god oppleving i dag og at alle får ei god adventstid.

Advent og julegrantenning nærma seg. Bygdekvinnene er i farta med førebuingar til tenninga av julegrana på Stårheim som blir 1.søndag i advent, 28.november 2010. I år blir det natronkaker som blir en få kjøpt samt julemenn / koner pluss mykje meir. Loddsal og mange fine gevista på lista allereide. Vi håpa på at alle som kan tek turen i Vikja og tenner julegrana denne ettermiddagen og etterpå går vi i tog til Fram.
Vi startar kl 15.00 slik på dei som skal på lysmesse i Kyrkja om kvelden kan få med seg begge deler.

Bygdekvinnene har hatt 2 fine fjelltura i år. Første turen gjekk til Åsane første tysdagen i juni og den andre gjekk vi på Veten. Mange møtte opp og været var greit. Litt kald vind på toppen, men so lenge ein slepp snø so kan vi godta det. Vi håpa på mange turar framover og, men først er det sommarferie. Spesiell takk til Anne som serverte nysteikte svele når vi kom på toppen på Veten. Overraskande og utrulig godt !!I Sjå bilder frå turane i fotoalbumet.
God Sommar !!!
Bygdekvinnene på Stårheim
har vore med å sjekka ut diverse matoppskrifter for Opplysningskontoret for Brød og Korn. Vi har samlast og laga diverse rettar der havre er sentralt. Gå inn på denne linken og sjå kva Opplysningskontoret har laga til :
http://www.brodogkorn.no/nyheter/bygdekvinnene-paa-staarheim-tek-havrebolgja/

