16 Bygdekvinnene hadde tovekurs forige tysdag på skulen.
Kursleiar Ruth Sunde hadde med seg assistenten Bodil, like trivelige begge to. Laila har sendt meg eit lite referat om kvelden. Dei starta med å legge ut tynne fjon av lekker merino-ull. Dette skulle leggast ut i 3 lag. Deretter kunne vi legge på motiv eller lage motiva for seg, og deretter tove det sammen. Meininga var at dette skulle bli sitteunderlag. Vi tova med grønnsåpe, og dette måtte gjerast grundig. Etterpå vart det rulla i ei bastgardin og så banka/kasta i bordet (eller tvers over rommet mellom kursdeltakarane) Det siste var ikkje med i undervisninga!
Vi hadde en skikkelig kjekke kveld med selvfølgelig ei lita kaffipause innlagt. Vi var ferdige i 22 tida. Dette er Laila sin kattepus som du ser her og vart heldige og fekk seg nytt teppe !! Undertegna var ikkje med på dette kurset, men ser at det har vore vellykka! Fleire bilder mottas med takk !!


