Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

fotball_starheim_1980_1000
Stårheim IL sitt fotballag i  7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.

måndag 22. mars 2010 19:49

Årsmøte i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Skrive av Bente Røed
Ranger denne saken
(0 stemmer)

031Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag hadde årsmøte på Nordfjordeid denne helga. 74 bygdekvinner og ein frå Bondelaget var tilstades. Mange hadde reist langt og det var imponerande å høyre at viljen var stor for å delta, sjølv om vegar var stengde, skulle dei til årsmøtet. Undertegna og Aud Iren Øien var utsending frå Stårheim. Bondelaget har eit godt samarbeid i fylket og delar til og med kontor i Førde. Varaordførar Kjell Magne Åshamar ønskte alle velkomne til bygda. Saklista var lang, men det var mykje "matnyttig" for oss som ikkje har vore med før. Viss det var nokon som såg mange bunadskledde damer i Eidsgata laurdag ettermiddag, so var det Bygdekvinnene som gjekk i bunadstog. Turen gjekk frå Nordfjord Hotell gjennom gata og opp til Operahuset (innlagt bildetaking av Fjordabladet) og nedatt til Eid Kyrkje. Litt kaldt var det ute, so det var godt å kome inn i kyrkja der Prost Rolf serverte oss ei fin gudstjeneste med fine tonar frå orgel og trompet frå galleriet. Vidare var det festmiddag på Nordfjord Hotell og eit flott kakebord etterpå. Musikkunderholdning av Eid Musikkskule og Aud Hjelle viste oss "vårkolleksjonen" sin. Søndagen starta vi tidlig og tida gjekk til budsjett/økonomi og val av tillitsvalgde. Kari Anne Brekke frå Fuglesetfjorden tok attval.

Sist endra måndag 22. mars 2010 20:58
Bente Røed

Bente Røed

E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Legg til kommentar


Kart

starheim_kart

Annonsørar Stårheim bygdekvinnelag

Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK