Stårheim 5℃

Kva skjer?

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
13141516171819
20212223242526
272829    

No current events.

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

isakgarden_120120
Så kom sola  tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......

fredag 25. juni 2010 05:57

Gåvesjekk frå Gjensidigestiftelsen

Skrive av Jarle Åsebø

Denne veka fekk vi hyggelig besøk av Magny H. Myklebust frå Gjensidigestiftelsen. Ho hadde med ein gavesjekk på kr 9.500,- til Stårheim bygdelag, som skal brukast til å betale for 5 sitjebord som er plasserte ut på forskjellige plassar i bygda der folk ferdast. Magny er forsikringskundane i Nordfjord sin representant i styret for Gjensidigestiftelsen. Stiftelsen brukar ein del av eigenkapitalen i forsikringsselskapet til gåveutdeling etter søknader. Formålet er at ein del av overskotet skal tilbakeførast til nærmiljøet i form av støtte til helsefremmande, trivsel-  og aktivitetsskapande tiltak for alle aldersgrupper.
Det er ny søknadsrunde med frist 15. september, så vi kan  berre oppmode lag og organisasjonar om å sende inn søknad. Alt du treng vite om søknadsprosessen finn du her:

onsdag 26. mai 2010 06:48

Nye bord er utplasserte

Skrive av Jarle Åsebø

Bygdelaget har starta arbeidet med å plassere ut sitjebord.
Det er plassert eit bord på Sethaugen,eit på Heida og eit i båthavna.
 
Vi har eit bord igjen som ikkje er plassert ut. Vi ønskjer å få  dette ut så snart som mulig.
Er det nokon av  bygdefolket som har eit tips? Ta gjerne kontakt. 
Fleire bilete, klikk på overskrifta

tysdag 25. mai 2010 19:25

Ynskje om fartsdempande tiltak

Skrive av Ole Martin Rafshol

Arild Vonheim i Stårheim bygdelag har sendt inn skriv til vegvesenet med ynskje om fartsdempande tiltak på fylkesvegen frå riksveg 15, innover Stårheimsmyrane og mot Remmedalen. Den positive utviklinga i området med nye hus har ført til auka trafikk og bygdelaget ynskjer difor at det vert sett på tiltak som kan trygge dei mjuke trafikantane. Les heile skrivet her, PDF fil.
søndag 28. mars 2010 19:05

Arild Vonheim ny leiar i bygdelaget

Skrive av Ole Martin Rafshol
Arild VonheimLeiar Tor Arne Aasen  ynskte velkomen til årsmøtet i bygdelaget på tysdag 23. mars. Årsmeldinga fortel om eit roleg år, dei har hatt 5 styremøte i FRAM og telefonkontakt utover det.. Dei har fått ein radikal men gledeleg medlemsauke i fjor frå 41 til 71 medlemmar, men det er uvisst kva som ligg bak det.
Økonomisk enda det med eit overskot på kr. 7873,50, men styret ynskjer ein litt meir romsleg økonomi.  Styret vil difor prøve å få selt ein del reklameplassar på den nye heimesida laget har investert i. Dei som er interessert i det bes ta kontakt med Jarle Åsebø. 
tysdag 23. mars 2010 08:03

Husk årsmøtet i bygdelaget

Skrive av Jarle Åsebø
Husk at det er  årsmøte i bygdelaget i kveld  kl 20.00 i Fram.
Vanlige årsmøtesaker. Møt fram for å gje dine innspel om kva bygdelaget skal setje på arbeidsplanen for det komande året
måndag 01. februar 2010 20:03

Opplæring i den nye heimsida

Skrive av Jarle Åsebø

Tysdag 2. februar klokka 20.00 blir det høve til å få litt opplæring i korleis ein kan publisere tekst og bilete på denne nye heimesida. Kurset blir halde i Fram, og vi får besøk av Terese Balsnes frå InMedia. Alle som kan tenkje seg å lære litt om dette, blir hermed oppmoda om å møte opp. Det er no tilgang på trådlaust breiband i Fram, så har du ei bærbar maskin kan du godt ta den med.

fredag 29. januar 2010 21:16

Velkomen til ny Stårheimside!

Skrive av Jarle Åsebø
Etter 10 år på nett med den gamle og delvis heimestrikka heimesida vår, er det i kveld kjekt å ynskje velkomen til denne nye sida, med ny design og nye og meir moderne funksjonar. Det er fortsatt Stårheim bygdelag som står for drifta og underteikna vil halde fram som redaktør, men vi håpar mange fleire vil delta i arbeidet med å publisere tekst og bilete.
Det er InMedia og prosjektleiar Terese Balsnes som har gjort arbeidet med design og programmering, medan Bente Røed, Ole Martin Rafshol og underteikna har vore redaksjonskomite og stått for innhaldet så langt.
Ikkje alt er helt på plass enno, og vi har mykje å lære oss og øve på i tida framover, men vi synes vi har eit godt grunnlag å arbeide vidare med.
søndag 17. januar 2010 20:55

Utplassering av sitjebord

Skrive av Jarle Åsebø
Bygdelaget har fått kr. 9500,-til å kjøpe inn 5 sitjebord som vi ønskjer å få ut i naturen som t.d. på Sethaugen, Heida, Fannstølen og Røedsetra. Vi vil ta sikte på å få tak i sijtebord/rastebord som vil passe inn i naturen.
Vi ønskjer tilbakemelding fra bygdefolket kvar dei ønskjer at desse borda skal bli plassert. Vi tek forbehold om tillatelse fra grunneigar før borda blir sett ut. 
 
Ta kontakt med Arild Vonheim
på telefon 928 06 450 og kom med ønskjer.
onsdag 02. desember 2009 21:09

Helge Ryland kjøper handelslaget

Skrive av Jarle Åsebø

Så kom den hyggelige meldinga vi har venta på ei stund: Helge Ryland har kjøpt Coop-bygget, eller Handelslaget som mange kallar det. Vi siterar frå Fjordabladet sine nettsider:

Kart

starheim_kart

Annonsørar Stårheim Bygdelag

Banner
Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK