- Laget har arbeidd med desse sakene i 2009:
Drift av heimesida: www.starheimsbygda.no.
Dette er bygdelaget sitt ansikt. Det er ein viktig kanal for info innad i bygda og profilering av bygda utad. Vi takkar aile som har bidrege med stoff til heimesida. Dataansvarleg har utreda ny webløysing gjennom 2009. Denne vart teken i bruk ved årsskiftet 2009/2010. Forutan den synlege endringa i layout på heimesida, er den no enklare å drifte i tråd med dagens krav. Prosjektleiar for den nye sida har vore Terese Balsnes hos InMedia. Redaksjonskomiteen bestod av redaktør
Tilskot til benkar. Etter søknad til Gjensidigestiftelsen fekk bygdelaget tilført kr 9 500 til innkjøp av fem sitjebord for utplassering pa "strategiske" plassar i dei mest brukte turløypene på Stårheim i løpet av våren 2010. Borda er bestilte gjennom Mona Vekst.
Fartsreduksjon Remmedalsveien, Myrane. Bygdelaget har arbeidd for å få sett ned farta på strekninga fra barnehagekrysset og ut til Dag Starheim sin eigedom av omsyn til tryggleiken. Ein har kartlagt tilhøva og laga søknad for innsending til rett etat.
Orden i sentrum. Som ein del av arbeidet med heilskapsinntrykket til Stårheim har vi oppmoda Stårheim Bilverksted om å vurdere ei mindre synleg plassering av utrangerte bilar langs riksvegen.
Stadnamn: Høynes. Bygdelaget har etter oppmoding sendt søknad om at det blir sett opp skilt med stadnamnet Høynes langs riksveg 15. Dette er godkjent av Statens vegvesen. Oppsetjing av skiltet er ein del av dei økonomiske prioriteringane til etaten.
Nye Iys i julegrana. Bygdelaget var i 2009 delaktig i innkjøp av nye Iys til den store julegrana i sentrum.
Driftinga av biblioteket har vanskelege vilkar ved at få personar ønskjer å vere bibliotekvakt, men det er eit viktig langsiktig arbeid. Vi takkar eldsjelene for drifta og alle brukarar.
Skulestrukturen i Eid kommune. Saka har yore framme ein del i media. Bygdelaget følgjer saka saman med dei andre bygdelaga.
Styret takkar aile som har gjort ein innsats for bygdelaget i arbeidsåret 2009. Samstundes ønskjer vi det nye styret lukke tiI i den vidare drifta av bygdelaget !
Val: Eva Starheim la fram valnemnda sitt framlegg til nytt styre og det enda slik: ny leiar: opp frå nestleiar Arild Vonheim, som ny nestleiar Stian Starheimsvik og som ny kasserar etter Aud Iren Øien vart vald: Inger Lise Myrold. Sekretær Tor Arne Botn og webansvarleg: Jarle Åsebø.


Leiar Tor Arne Aasen ynskte velkomen til årsmøtet i bygdelaget på tysdag 23. mars. Årsmeldinga fortel om eit roleg år, dei har hatt 5 styremøte i FRAM og telefonkontakt utover det.. Dei har fått ein radikal men gledeleg medlemsauke i fjor frå 41 til 71 medlemmar, men det er uvisst kva som ligg bak det.

