Løysingvatnhytta

Hytta ved Løysingvatnet er hytta for alle Stårheimarar! Der er fint å overnatte, og du finn det du treng av kjøkkenutstyr, så det einaste du treng ha med er mat og sovepose. Vedovn og ved er også til fri bruk. Der er ein Øien 14 fots robåt som ein kan nytte for å ro turar eller fiske i vatnet, og garn som ein kan bruke dersom ein vil ha fisk til middag. Spaserturen frå vegendane i Stårheimsdalen og opp til hytta tek omlag 1 1/2 til 2 timar, og då har ein eit fint utgangspunkt for lengre turar.
Døra til hytta er ulåst!! Det ein kan vere klar over er at hytta kan vere oppteken, sidan der er ikkje noko system for plasstinging. Men det er sjeldan noko problem!
Hytta har 3 senger + ekstra madrasser, så totalt er der overnattingsplassar for 4-6 personar.
Hyttereglar som alle rettar seg etter:
- Alle VASKAR OG RYDDAR etter seg!
- Ein betalar kr 50,- pr person ved overnatting i hytta. Desse pengane går til vedlikehald. Giroar ligg i hytta.
Sidan dette er ei felleshytte for alle i bygda, er det eit hyttestyre som står for "drifta" av hytta. Dette styret som vart valt i 2002 består av:
Olav Harald Starheimsæter, leiar Anne-Marit Starheim, kasserar
Styremedlemmar: Alexander Nyberg, Tor Arne Botn, Kåre A. Hafsås og Per Ståle Starheimsæter.
Stårheim bygdelag ynskte at bygdefolket skulle få litt informasjon om denne hytta så dei tok initiativ til å få denne artikkelen på nett.


