Om Stårheim bygdelag

Velkomen til Stårheim bygdelag på nett!
Stårheim bygdelag vart oppretta i 1997 med fokus på: å vere ein samarbeidskanal for lag og organisasjonar i bygda og å vere bygda sitt talerøyr overfor styresmaktene.
Heimesida du no er inne på, www.starheimsbygda.no, er Stårheim bygdelag sitt ansikt utad. Høge daglege besøkstal vitnar om stor interesse for det som skjer i bygda vi er med å representere. Bygdelaget håpar å kunne bidra til utvikling og trivsel for dei som allereie bur i bygda, men òg vere med å leggje til rette for at fleire busèt seg på ”Stårheim – ei perle midt i Nordfjord”.
- Laget har arbeidd med desse sakene i 2009:
Drift av heimesida: www.starheimsbygda.no.
Dette er bygdelaget sitt ansikt. Det er ein viktig kanal for info innad i bygda og profilering av bygda utad. Vi takkar aile som har bidrege med stoff til heimesida. Dataansvarleg har utreda ny webløysing gjennom 2009. Denne vart teken i bruk ved årsskiftet 2009/2010. Forutan den synlege endringa i layout på heimesida, er den no enklare å drifte i tråd med dagens krav. Prosjektleiar for den nye sida har vore Terese Balsnes hos InMedia. Redaksjonskomiteen bestod av redaktør
Tilskot til benkar. Etter søknad til Gjensidigestiftelsen fekk bygdelaget tilført kr 9 500 til innkjøp av fem sitjebord for utplassering pa "strategiske" plassar i dei mest brukte turløypene på Stårheim i løpet av våren 2010. Borda er bestilte gjennom Mona Vekst.
Fartsreduksjon Remmedalsveien, Myrane. Bygdelaget har arbeidd for å få sett ned farta på strekninga fra barnehagekrysset og ut til Dag Starheim sin eigedom av omsyn til tryggleiken. Ein har kartlagt tilhøva og laga søknad for innsending til rett etat.
Orden i sentrum. Som ein del av arbeidet med heilskapsinntrykket til Stårheim har vi oppmoda Stårheim Bilverksted om å vurdere ei mindre synleg plassering av utrangerte bilar langs riksvegen.
Stadnamn: Høynes. Bygdelaget har etter oppmoding sendt søknad om at det blir sett opp skilt med stadnamnet Høynes langs riksveg 15. Dette er godkjent av Statens vegvesen. Oppsetjing av skiltet er ein del av dei økonomiske prioriteringane til etaten.
Nye Iys i julegrana. Bygdelaget var i 2009 delaktig i innkjøp av nye Iys til den store julegrana i sentrum.
Driftinga av biblioteket har vanskelege vilkar ved at få personar ønskjer å vere bibliotekvakt, men det er eit viktig langsiktig arbeid. Vi takkar eldsjelene for drifta og alle brukarar.
Skulestrukturen i Eid kommune. Saka har yore framme ein del i media. Bygdelaget følgjer saka saman med dei andre bygdelaga.
Ta gjerne kontakt med bygdelaget dersom du har innspel til saker eller ønskjer å formidle tekst og bilete gjennom www.starheimsbygda.no.
Arild Vonheim
-leiar-
Heile styret ser slik ut: Arild Vonheim, leiar, Stian Starheimsvik nestleiar, Inger Lise H. Myrold kasserar, Tor Arne Botn sekretær og Jarle Åsebø webansvarleg.
Les meir her.
Vedtektene §1:
Stårheim bygdelag skal vere eit fellesorgan for lokalbefolkninga i Stårheim. Målet vårt er at Stårheimsbygda skal vere attraktiv og god å bu i for både barn og vaksne.
Dette sitatet frå bygdelaget sine vedteker har sidan skipingsmøtet 06.05.97 vore ei rettesnor for arbeidet i laget.
Bygdelaget kom i stand fordi det hadde blitt eit stadig større behov for å ha eit organ som kunne ivareta bygda sine interesser overfor lokale og regionale styresmakter, samt vere eit organ for samarbeid mellom organisasjonane i bygda. Ikkje minst arbeidet med sentrumsplanen gjorde skiping av eit bygdelag aktuelt. Idrettslaget hadde i ei viss grad teke på seg desse oppgåvene tidligare, sjølv om dette låg litt på sida av idrettslaget si naturlege verksemd.

