
Så kom sola tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......
Aktuelt
Tysdag 10. januar kl. 18 går det første skirennet i kommunecupen!
Stad: Tua
Påmelding til Eid IL: sjå Fjordabladet laurdag 7. januar.
Julelotteriet i Stårheim Idrettslag vart trekt 19.12.2011
1. ½ gris - Torgrim Sagsletten Smørdal
2. Spekeskinke - Fam. Nils Magne Nedreberg
3. Spekeskinke – Roald Remme
4. Fenalår – Patrick Isene
5. Ribbe – Fam. Per Orheim
Stårheim Idrettslag gratulerer vinnarane og takkar alle for støtta.
Vennlig helsing Arild Vonheim
Fjelltrimmen delte ut diplom og medaljer for siste år i forkant av skikvelden på søndag.
Her er resultatlista .
Fjelltrimmen på Stårheim for 2009-2010 sesongen er ferdig opptelt.
Skrive av Ole Martin Rafshol
Sesongens fjelltrim er over og resultatet er no klart. Bøkene ligg ute heile året og blir skifta ut den 15/9 kvart år. Det blei registrert til saman 9437 turar i løpet av denne sesongen, noko som er fantastisk bra. Den mest besøkte fjellposten var Sethaugen med til saman 5392 turar, noko som gir eit snitt på nesten 15 personar kvar dag i løpet av eit år, sommar som vinter.
Stårheim IL starta opp med fjelltrimmen i 1989 og det er ingen tvil om at det å ta seg en fjelltur, har blitt veldig populært dei siste åra. Fleire og fleire har nytta seg av dette tilbudet. Fjellturane har gjeve stårheimarane mykje god mosjon og ikkje minst mange flotte naturopplevingar har ein fått med på kjøpet. Vi håpar at minst like mange ynskjer å benytte seg av dette tilbudet i åra framover, mvh Arild Vonheim
Lista finn de ved å klikke på overskrifta.
Stårheim Idrettslag kjem med ei oppmoding til bygdefolket om å støtte opp om idretten i bygda ved å bli medlem i laget.
Ta kontakt med Ivar Myrold på telefon 57 86 22 76 eller e-post
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
så får du tilsendt faktura
Støttemedlem: kr 150,-
Aktiv medlem over 12 år : kr 350,-
Aktiv medlem 12 år og yngre: kr 150,-
I tillegg til medlemsskap i idrettslaget, kan du støtte idetten i bygda gjennom Grasrotanfelen når du tippar.
Helsing Stårheim IL
Isak Flo Bødal slo til for fullt og dermed hamna han øverst både på resultatlistene og pallen i klasse gutar 15 år. Gratulerer!
Vi gratulerer også Andrea Skeide Bakke som greidde ein flott 3. plass i går.

