
Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.
Fjelltrimmen
Stårheim I.L. har i alt 10 fjellpostar. Desse er:1. Sethaugen : 3 poeng
2. Storevarden : 10 poeng
3. Trollvassnyken : 20 poeng
4. Bauvatnet (ved naust) : 5 poeng
5. Løysingvatnet : 10 poeng
6. Blåfjellet : 30 poeng
7. Fannstøylen : 3 poeng
8. Lundavarden : 20 poeng
9. Røedssetra : 3 poeng
10. Naustdalkamben : 3 poeng

Klasseinndeling:
Klasse 1 : Frå 0 år til og med 1.klasse på skulen.
Klasse 2 : Frå og med 2.klasse til og med 6.klasse på skulen
Klasse 3 : Frå og med 7. klasse på skulen til og med det året ein fyller 20 år når boka hentast inn om hausten.
Klasse 4 : Frå og med det året ein fyller 21 år til og med det året ein fyller 60 år når boka hentast inn om hausten.
Klasse 5 : Frå og med det året ein fyller 60 år når boka hentast inn om hausten.

Familieklasse
For å delta i denne klassa, er kravet minst tre familiemedlemer.
Døme: mor, far, barn, - mor/far og to barn, - tre sysken, - tre generasjonar.
I boka er det sett av særskild plass til familieklassa.
NB! Det er høve til å føre seg opp både i familieklassa og i einskildklassa.
Premiering :
Alle klassevinnarane får premie. Diplom til nr. 2-6. I tillegg blir det trekt ut nokre deltakarar som også får premie.
Statuettar :
Vi held fram med 10-års statuettar. Ein treng ikkje gå alle åra på rad for å klare kravet.
Statuettreglar :
Familieklasse : 75 poeng
Klasse 2 : 75 poeng
Klasse 3 : 100 poeng
Klasse 4 : 160 poeng
Klasse 5 : 100 poeng
God tur og hugs fjellvitreglane!
Fjellpostane ligg på plass heile året, bøkene blir skifta ut etter 15.09 kvart år for oppteljing.
Sethaugen

Utsikt frå Sethaugen
Parkering ved skogsvegen til Myrold-gardane. Denne vegen startar ved vegen opp til Remmedalen.
Ta av frå stien inn til Myroldsetra og gå fram på hammaren. Der ligg boka i ein liten varde.
Flott utsikt over Nordfjorden og store delar av Stårheim .
Ein kan gå over Myroldstøylen tilbake, ta gamlestien som startar aust for setra. Denne stien kjem inn på skogsvegen att langt nede.
Turen opp tek ca 1/2 time, 3 poeng
Storevarden.
Til Storevarden kan du gå via Sethaugen, eller du kan gå skogsvegen på Remme til Flata (setra til gardane på Remme)
Utsikt m.a. mot Heida, Stårheimsdalen og Nordfjorden. På vegen opp ser ein m.a. Stårheim frå Kalddal. (ein gamal buplass i fjellet over Myrold)
Boka ligg i varden
Turen opp tek ca 1,5 time, 10 poeng
Trollevassnykjen

Det er mest vanlig å gå opp frå Heida. Tydelig rås på vestsida av elva. Du kan også gå hit via Sethaugen og Storevarden, eller Stårheimsdalen - Bauvatnet, ca 3 timar.
Flott utsikt over fjorden på turen opp. Trollevassnykjen ligg omtrent på grensa til Møre og herifrå det fin utsikt over fjellheimen på Sunnmøre. OBS! Jonsokafta mellomlandar heksene her på veg frå Honndalsrokken til Hornelen.
Boka ligg i varden. Turen opp tek ca 1 time. 20 poeng.
Bauvatnet

Utsikt over Svartevatnet (nærast) og Bauvatnet
Parkering øvst i Stårheimsdalen, ved Sigrusetra (Sigrona), stien går over Sigrusetra og fortset nordover dalføret.
Boka finn du i naustmuren.
Turen opp tek ca 1 time, 5 poeng
Fannstøylen
Parkering øvst i Stårheimsdalen, ved Sigursetra (Sigrona). Stien til setra er skilta ved brua rett ved parkeringsplassen
Boka ligg i ein gammal fjøsmur nord for setrehusa.
Turen opp tek ca 45 minutt, 3 poeng
Løysingvatnet 
Parkering øvst i Stårheimsdalen, ved Sigrursetra (Sigrona)
Boka ligg i ein liten varde på haugen bak hytta.
Hytta ved Løysingvatnet er hytta for alle Stårheimarar! Der er fint å overnatte, og du finn det du treng av kjøkkenutstyr, så det einaste du treng ha med er mat og sovepose.
Les meir om hytta her...
Turen opp tek ca 2 timar, 10 poeng
Blåfjellet
Parkering øvst i Stårheimsdalen, ved Sigursetra (Sigrona).Ta stien til Fannstøylen. Stien går vidare om Løysingvatnet til Blåfjellet.
Boka ligg i varden. NB! Kjølsdalen (dei kallar fjellet Kvandalseggja) har òg ei turbok liggjande i denne varden.
Utsikt til olivinbrota på Åheim, Vanylven og havet, Vågsøy, Hornelen i Bremanger og Eid. Ein ser òg fjella i Gloppen og høge tindar i retning Jostedalsbreen. Ved god sikt ser ein Lodalskåpa (ca. 10 mil i luftlinje), Hjelmen/Keipa i sør, Kolåstinden i Ørsta og Råna i Stranda kommune.
Turen tek ca 3 timar, 30 poeng
Røedsetra
Parkering ved fylkesvegen på Orheim. Du kan enten følgje skogsvegen, eller ta snarvegen og følgje råsa som tek av til venstre etter tømmervelteplassen, og går bratt oppover.
Boka ligg I liten varde v/haugen i sørvestre ende av dammen. Dammen blei bygd av kapt Christian Røed til kraftproduksjon ca 1928. Utsikt til Gjegnalunden, Isane, Stårheimsbygda, Nordfjorden austover m/strandstaden Nordfjordeid
Turen opp tek ca 45 minutt, 3 poeng
Lundavarden
Parkering øvst i Stårheimsdalen, ved Sigursetra (Sigrona). Boka ligg i varden.
Kjempeflott utsikt over Nordfjorden, Gjegnen og fjellheimen omkring.
Turen opp tek ca 2 timar. 20 poeng
Naustdalkamben

Parkering ved Stårheim Stadion, følg gardsvegen til Hafsås og den gamle bygdevegen til Føllesdal (Skinlo)
Du kan også køyre gardsvegen til Skinlo. Boka ligg i varden.
Turen opp tek ca 1 time, 3 poeng.

