Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

fotball_starheim_1980_1000
Stårheim IL sitt fotballag i  7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.

onsdag 07. mars 2012 20:34

Påskepub i Fram

Palmelaurdag 31. mars innbyr driftstyret for Fram til påskepub i Fram frå kl  21.30 - 02.00.  Set av denne laurdagskvelden til  trivelig samvær med bygdefolk og påskegjester. Det blir også høve til ein svingom på dansegolvet.
Publisert i Lagshuset FRAM
tysdag 22. november 2011 09:58

Julegrantenning

Søndag 27. november klokka 15.00 innbyr Stårheim bygdekvinnelag til julegrantenning i sentrum. Etterpå går vi i flokk og følgje til Fram, der det blir førjulskafê med mykje god mat og drikke, god basarstemning med åresal og fine gevinstar på bok. Stårheim skulekorps og barnekoret er med for å skape god førjulsstemning.
søndag 19. september 2010 10:18

Stårheim IL - Idrettslaget for alle -

Stårheim Idrettslag kjem med ei oppmoding til bygdefolket om å støtte opp om idretten i bygda ved å bli medlem i laget.

Ta kontakt med Ivar Myrold på telefon 57 86 22 76 eller e-post  Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa  så får du tilsendt faktura
Støttemedlem:                          kr 150,-
Aktiv medlem over  12 år :       kr  350,-
Aktiv medlem 12 år og yngre:  kr 150,-
I tillegg til medlemsskap i idrettslaget, kan du støtte idetten i bygda gjennom Grasrotanfelen når du tippar.

Helsing Stårheim IL

 

Publisert i Stårheim IL
fredag 26. februar 2010 10:18

Pubkveld i Fram

Fyrstkomande laurdag klokka 21.00 - 02.00 blir det igjen anledning til hyggjelig samvær med sambygdingar og andre gjester i 2. etasje i Fram. 18 års aldersgrense. Sal av snaks, øl, vin cider og brus. Fint om du møter opp for å ha ein trivelig laurdagskveld, samtidig som du støttar opp om drifta og utbygging av huset. Arrangør: Driftsstyret.
Publisert i Lagshuset FRAM
torsdag 11. februar 2010 21:18

OL-kveld i Fram

ronnyDet nærmar seg at Stårheim sin første OL-deltakar skal i aksjon.

Måndag 15. februar skal Ronny gå 15 km friteknikk i OL i Vancouver.

Ski-og skiskyttargruppa til Stårheim IL inviterer til felles TV-kveld i FRAM. Alle som vil vere med å heie fram Ronny, er hjarteleg velkomne.

Vi opnar dørene kl. 18:30 slik at dei som vil kan kome og sjå på Damenes 10 km på Storskjerm som oppvarming. Det vert fleire kulturelle innslag i pausen til starten på 15 km kl. 21:30, så møt opp og bli med å lage stor stemning.

Det blir servert Kaffi og kake, og der blir også kiosk.

Vil du smake på Brit-Mari's utsøkte kransekake, er det kun i Fram på måndag du har sjansen til det

 

tysdag 05. januar 2010 07:31

Dugnadsarbeid i Fram

Denne vinteren gjennomfører vi innspurten i opprustinga av Fram, og då treng vi fleire dugnadsarbeidarar. Siste vekene føre jul var det dugnad kvar fredag og laurdag, og det må vi prøve å få til vidare framover vinteren, i tillegg til nokre kveldstimar  på vekedagane.
Målet er å bli ferdige med det meste før 1. mai, slik at heile huset kan takast i bruk til 17. mai, og vi håpar at mange vil melde seg på til å ta eit tak framover vinteren. Arbeidet som skal gjerast no framover er å gjere ferdig kledning av tak og veggar i den nye delen av salen, legge  nytt tak og golv i storsalen og sette  opp brystningpanel i salen.
Dugnad er sosialt og morosamt og det blir servert kaffi med noko attåt på kvar økt.
Dei som har lyst og anledning å vere med, kan ta kontakt med Roald Starheim, tlf 915 31 450 eller Jarle Åsebø, 413 35 786  eller Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa  
Publisert i Lagshuset FRAM

Kart

starheim_kart
Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK