
Stårheim IL sitt fotballag i 7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.
Stårheim IL

Idrettslaget har i mange år vore sterkt med å prege utviklinga av Stårheimsbygda. Før bygdelaget blei skipa, var det idrettslaget som var den naturlege pådrivar når det var store fellesprosjekt som skulle gjennomførast, og slik har Stårheim fått ord på seg for å vere ei bygd der dugnadsånd og frivillig arbeid står sterkt
Laget har i dag ca 300 medlemer, solid økonomi og rimeleg stor aktivitet.
Siste åra har skiskyttarane markert seg sterkt, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I fleire har det vesle idrettslaget vårt markert seg som eit av dei beste i landet når det gjeld rekrutteringsarbeidet til skiskyttarsporten. Sidan 1993 har skiskyttarane våre henta heim fleire NM-titlar og meir enn 40 medaljar frå Hovudlandsrenn og NM.
Ronny Hafsås har teke steget opp i verdseliten i skiskyting, og fått gå mange WC-renn og henta seg plasseringar mellom dei 10 beste. Han har også mange gonger vist at han er fullt på høgde med dei beste i landet i langrenn, fristil. Dette gjorde at han fekk plass på laget til opninga av verdscupen i langrenn på Beitostølen hausten 2009, og etter ei svært spanande avslutning av konkurransen kunne ein svært glad Ronny juble som vinnar av løpet, 0,2 sekund før nr to.
Vinteren 2000 var vi arrangør for Hovudlandsrennet i skiskyting saman med Heggjabygda IL. Dette blei eit prikkfritt arrangement, og la grunnlaget for at vi fekk ansvaret for å arrangere NM skiskyting for senior vinteren 2002.
Også dette arrangementet kom idrettslaga og resten av kommunen vel i frå, og NM skiskyting 2002 blei ei stor oppleving både for oss som arrangørar og for publikum og deltakarar.
Aktiviteten innanfor handball og fotball har blitt meir og meir prega av samarbeid mellom bygdene.
Eid, Haugen, Stårheim og Kjølsdalen har i stadig større grad delt på oppgåvene med å drive laga i aldersfastlagde klasser.
Stårheim IL. har dei siste åra saman med Haugen IL vore eigar av Harpefossen Skisenter A/S på Harpefossen. Desse to laga har og gått saman om å bygge opp ny varmestove på branntomta etter Fjellstova. Den nye varmestova stod ferdig til sesongen 2002, og har sidan vore ein viktig faktor i drifta av anlegget.
Eit av dei siste prosjekta idrettslaget har engasjert seg i, er å få bygd ein ballbinge i samarbeid med Stårheim skule. Ballbingen blei teken i bruk i mai 2008. Dette har gjeve ei utviding og oppgradering av skulen sitt uteområde, og eit flott fleirbruksanlegg som kan nyttast både på dag- og kveldstid.
Hausten 2009 har vi sett i gong svært tiltrengt vedlikehald av klubbhuset på Stadion, og skiskyttargruppa arbeider med planar om oppgradering av løypenettet på Harpefossen.
I løpet av 2008 fekk vi også ein utøvar på elitenivå i hopp som medlem i laget.
24 år gamle Akseli Kokkonen har tre sesongar bak seg på det finske hopplandslaget, ti gonger har han vore mellom dei ti beste i verdscupen, han har to juniorverdsmeisterskap for Finland i laghopp og har fire pallplasseringar i finske meisterskap. Som så mange andre har han funne seg ei jente frå bygda vår, og funne seg så godt til rette i miljøet her, at han gjerne vil representere Stårheim IL.

Unge og ivrige skiskyttarar våren 2009



I august arrangerte vi motbakkeløpet Trollevassnyken opp for fyrste gong. Vi opplevde svært god respons på titlaket, som sikkert kjem til å bli eit årlig arrangement.

