
Så kom sola tilbake på Isakgarden i Remmedalen 20.01.2012......
Aktuelt
Jaktbarometer for første del av jakta er no klart.
Det er no klart for jaktprøveskyting på skytebana på Espe.
Fellingsresultat frå hjortejakta er klar.
No har alle jaktfelt rapportert og jaktbarometeret klart pr. 25.oktober. Vi ligg på ein fellingsprosent på 78.
Tala finn de her .
Her er også fellingane for dei andre storvalda:
Kjølsdalen , Sørsida , Heggjabygda og Leivdalen, Nordbygda, Sagtennane
Det første jaktbarometeret er no klart. (Vi mangla resultat frå eine jaktfeltet)
Det er fortsatt ei stund til jakta, men det er aldri for tidleg å begynne å trene. Torsdag 3. juni kl. 17:00 skipar Stårheim og Haugen Hjortevald og Haugen Skyttarlag til jaktfeltskyting for storvaldet sine jegerar. Som før så vert ikkje resultata offentleggjorde, men ein får godkjent skota som treningsskot til storviltprøva.
Det vert også i år trekt ut ein vinnar av eit fellingsløyve blandt alle som deltek.
Puss støvet av børsa og bli med på jaktfeltskytinga. Det er både sosialt og nyttig, og vi håpar så mange som mulig kjem.
Helsing styret!
Dei siste åra har dei to jaktfelta ytre Stårheim og Myrold hatt felles jaktfest i FRAM utpå nyåret. I år er det planlagt den 20de. februar og då får vi og med oss representantar frå Hafsås jaktfelt og ytre Røed jaktfelt. Eg har samla ihop nokre bilder av tidlegare års festar og laga eit fotoalbum av dei, det finn de her...............

