Stårheim og Haugen hjortevald

Stårheim og Haugen Hjortevald vart skipa 10.april 2002, og var det første storvaldet i Eid kommune. Valdet består av 12 jaktfelt liggande på nordsida av Eidsfjorden, frå Øvrelid i aust til Bakke-Ytre Røed i vest, og forvaltar eit areal på ca. 80.000 da.
Hovudmål: Vi vil ha ein sunn og bærekraftig hjortebestand med god samansetjing og i balanse med beitegrunnlaget.
Bestandsplan: Stårheim og Haugen Hjortevald 2008-2010+2011:
Vedtekter: Stårheim og Haugen Hjortevald
Styret i Hjortevaldet 2011
Leiar Roar Kjørstad, nestleiar Nils Magne Nedreberg, sekretær Rune Lundmoen, kasserar Joachim Hanebrekke og styremedlem Jarle Leite
Kontaktinformasjon Stårheim og Haugen Hjortevald 2011
Hjortejakta hausten 2011 varer frå 10. september til 23. desember.
Jaktprøveskyting på skytebana på Espe 2011:
- Onsdagane: 29/6, 6/7, 13/7, 10/8, 17/8, 24/8, 31/8 og 7/9 frå klokka 17:00
- Laurdagane: 20/8 og 3/9 frå klokka 13:00-15:00

