Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

dscf0005.jpg

fotball_starheim_1980_1000
Stårheim IL sitt fotballag i  7. divisjon 1980, fyrste sesongen Stårheim stilte lag i serien.

Jarle Åsebø

Jarle Åsebø

Nettstad URL: http://www.asebo.no/ E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 Fullsette kyrkjer og ei fantastisk mottaking frå publikum og presse var det som møtte SoFt etter urpremièren på denne musikkteaterframsyninga i 2010.
 To år seinare er det duka for eit kjært gjensyn med Matias Orheim og kona Marie. Nypremière i Førde kyrkje 20. april. Turnepremiere i Stårheim kyrkje
tysdag 24. april kl 1800.
 
Les meir om forestillinga her
http://eidaportalen.no/nyhende/item/2573-matias-orheim-%E2%80%93-med-ord-felespel-og-glasmusikk  

Palmelaurdag 31. mars innbyr driftstyret for Fram til påskepub i Fram frå kl  21.30 - 02.00.  Set av denne laurdagskvelden til  trivelig samvær med bygdefolk og påskegjester. Det blir også høve til ein svingom på dansegolvet.
Laurdag 28. januar innbyr driftstyret for Fram til pub/dansekveld i Fram frå kl  21.30 - 02.00. Her blir det flott dansemusikk frå gode naboar i vest: Cool Valley All Star. Dei har allereie skaffa seg eit namn her i bygda, etter eit speleoppdrag i Fram for ei stund sidan. Set av denne laurdagskvelden til  trivelig samvær med sambygdingar i Fram!
oddhild louise nyberg des2010 web280Stårheim Sokneråd innbyr til  flott julekonsert i Stårheim kyrkje søndag 11. desember kl 18.00.
Desse medvirkar:
Stårheim Skulekorps, Inge Ytrehus, Stårheim Barnekor, Oddhild Louise Nyberg, Agnes Pavelich,
Paul Pavelich, Svanhild Høynes, Elena Starheim, Stårheim Songlag
Akk:  Olga Pavlova og Asbjørn Eikenes
Mange gode grunar til å finne vegen til  kyrkja denne førjulskvelden!

Bilete: Oddhild Nyberg, 2010

julegrantenning_2011

Sjølv om veret ikkje akkurat frista  til uteaktivitetar, møtte mykje folk opp i sentrum og i Fram forrige søndag då Stårheim Bygdekvinnelag inviterte til julegrantenning og førjulskafe.
Her kan du sjå bilete frå arrangementet.  

Søndag 27. november klokka 15.00 innbyr Stårheim bygdekvinnelag til julegrantenning i sentrum. Etterpå går vi i flokk og følgje til Fram, der det blir førjulskafê med mykje god mat og drikke, god basarstemning med åresal og fine gevinstar på bok. Stårheim skulekorps og barnekoret er med for å skape god førjulsstemning.

bondelagsmote_optimistpris2
Tom Even Langø fekk prisen som årets optimist på årsmøtet.

ca 35 av dei 236 medlemmene i Eid bondelag fann vegen til årsmøtet på Stokkenes gjestegard 27. oktober. Styret hadde invitert ordførar Alfred Bjørlo til møtet for å fortelje om sitt  eige og Eid kommune sitt forhold til landbruket, men ikkje minst for å ta med seg innspel frå årsmøtet tilbake til rådhuset og ordførarkontoret. Frå styret i Sogn og Fjordane bondelag møtte styremedlem Elin Haugen. Klikk på overskrifta for å lese meir....

Sist helg var mange av dei som var konfirmert for 50-51 år og 60-61 år sidan samla til jubileum i Stårheim kyrkje og i Samlingsheimen. Her  ser du bilete av den eldste gjengen korfirmantar og ved å trykke på overskrifta får du sjå bilete av 50-års konfirmantane.
Fleire bilete her....
Nedlasting av bilete i stort format:
50 år, inne     50 år ute   
60 år inne    60 år ute 

Side 1 av 7

Kart

starheim_kart

Annonsørar Stårheim skulekorps

Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK