Stårheim songlag

Stårheim songlag inviterte til songarstemne i Operahuset sommaren 2009. Ei oppgåve vi løyste med glans!
Stårheim songlag er einaste blandakoret i Eid kommune. Laget har ei lang og rik historie, som går heilt attende til skipinga i 1882.
Vi er eit stort kor med ca 50 medlemmer frå fjærn og nær. Faktisk har koret medlemmer frå 4 land! Aldersspreiinga er også stor, frå 30 til over 70. Songstemma spør vi ikkje etter, det er songgleda som er viktig.
Dirigenten vår er Olga Pavlova, og ho gjer mandagskveldane til eit høgdepunkt for oss alle. Koret øver i Fjøsen i Orheimstunet, det likar vi oss godt så vi er svært talksame for at Åshild og Ole Sverre let oss vere der.
Koret likar å opptre, og songarstemna er årlege høgdepunkt. Sommaren 2005 arrangerte vi sjølve songarstemne i Operahuset Nordfjord. Det gjekk fint på alle måtar, så den utfordringa tek vi gjerne på oss fleire gongar.
Koret har vore på to utanlandsturer så langt, begge gongar til Russland. Til sommaren skal vi til utlandet igjen, kvar reisa går er ikkje heilt avgjort. Men kjekt blir det!



