Stårheim 3℃

Kva skjer?

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   

Fotoalbum

17mai orheimshaugen 2009 web.jpg

Litt om fana til Stårheim songlag. 

Den gamle møteboka til Stårheim songlag vart skriven i frå 1934-1947. Boka omtaler også historia til koret heilt frå oppstarten i 1882. Referatet frå Songarstemnet på Stad i 1946 fortel at koret si fane var heilt ny den gongen: 

6.-7- juli 1946 Songarstemne på Leikanger Stadt

Songarane samlast ved Salingsheimen laurdag 6 juli og fekk her ta i augesyn den nye fana måla av Harry Botn. Det hadde vore diskutert å ta båt heilt fram då det var vanskeleg med bilar, men dette laut ein la fare då mange reddast sjøverken kring Stadt. No skulle vi ha bilar til Åheim og vi skipa oss inn så godt råd var og avgarde barst det. Regnde gjorde det så vonene var ikkje berre ljose for dagane.
På Åheim låg båten klar og vidare bar det over bylgja til Leikanger. Vi var mellom dei første som kom fram og vart innkvarterte på alle dei næraste plassane. Vi var heldige såleis. 

Etter kvart som kora kom vart det samøving i den vesle kyrkja. Om kvelden var det songarfest i bedehuset. Hornmusikken frå Stadt og Selje var der og gav fleire nummer så taket mest ville lette seg. Der var ymse taler, og song av mellom andre Stårheim Songarlag og Haugen og Hjelmelandsdalen. Mat fekk ein båa dagar kjøpe i bedehuset. 

Sundag føre middag var konserten i kyrkja som var nokonlunde fullsett. Det var i år berre samsongar på konsertane. Hornmusikken var også med. Dessutan mannskora. Om ettermiddagen samlast alle songarane i sentrum for å gå i tog til friluftskonserten ved kyrkja. Alle fylka seg under fana til Stårheim songarlag som alle tykte var vakker og elles var den første songarfana i heile Nordfjord.
Veret var fint og stemneinga var god på heile stemna. På friluftskonserten var som vanleg song av blandakora og mannskora dessutan fleire nummer av hornmusikkarane.
Om kvelden var det på heimveg og fram på mandags morgon var vi heime etter den første songarstemna for heile fjorden etter krigen.

starh_songkor

Kart

starheim_kart

Annonsørar Stårheim songlag

Banner
Stårheimsportalen | Design: InMedia
Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK